FLF  
 

Tall for språk i videregående opplæring


 
  Framandspråk i vidaregåande opplæring 2011–2012: Spansk størst, sterk auke i nivå II og nivå III Nasjonalt senter for framandspråk i opplæringa, Notat 2/2012 :  
 

Nivå I:

Spansk har vore størst på Vg1 og Vg2 i nokre år no, og det er også tilfelle i år (sjå figur 1).

Faget veks ikkje lenger så fort som tidlegare; i år har 44 % av elevane spansk, mot 43 % i fjor og 39 % i 2008– 2009.
Utflatinga av tala for spansk er kan hende ei følgje av at den sterke auken som spanskfaget har hatt i ungdomsskulen
dei seinare åra, har stogga.

Situasjonen for fransk er omvendt, her er det kvart år litt færre elevar. I år er prosentdelen elevar med fransk 18, mot 19
i fjor og 23 i 2008–2009.

Tysk ligg på 36 % både i år og i fjor; i 2008–2009 hadde 37 % av elevane tysk.

Det er framleis berre eit nokså lite innslag av andre framandspråk: Om lag 2 % av elevane får opplæring i eit anna språk
enn fransk, spansk eller tysk. I denne gruppa finn vi mellom anna italiensk (423 elevar), nordsamisk (188 elevar),
russisk (157 elevar) og kinesisk (101 elevar). Halvparten av elevane i kategorien «mindre underviste framandspråk» er
registrert i Finnmark, Oslo og Troms.

Nivå II:

Talet på elevar som får opplæring på nivå II, har auka kraftig dei seinare åra, og også i 2011–2012 går dette talet vidare opp.

I år har 65 % Vg1-elevar framandspråk på nivå II, mot 40 % i 2008–2009. Denne oppgangen er først og fremst eit resultat
av at det ikkje lenger er lov å starta om att med same språket på nivå I på Vg1.

Det er flest nivå II-elevar på fransk: 72 % (sjå figur 2). Talet er 67 % for spansk og 60 % for tysk.

Nivå III:

Framandspråk som programfag på nivå III, fra skuleåra 2008–2009 til 2011–2012


fransk: -- fra ca. 160 -- til 300

spansk -- fra ca. 30 --- til 580

tysk ---- fra ca. 110 -- til 210

 

 
 

(Det gis nesten ingen tall bare prosenter; alt er hentet fra Fremmedspråksenterets publikasjon av Gerard Doetjes.)

[Sammenfattet av André]

 
Retour/tilbake Publisert: 10.05.2012/FLF